headerbilde
headerbilde

"Det grøne skiftet" – gruveindustrien sin joker

Kor grøn blir jorda når vi har gravd opp alt av utvinnbare råstoff og gjort 99 % av det om til avfall?

03.02.2022 / Svein Lund

I 2022 kan vi forvente ei kraftig skjerping av kampen om mineralutvinning i både Noreg og Sverige. Alle dei tre gruveplanane som har vore mest omstridd siste tiåret står over for anleggsstart: ved Jokkmokk, Repparfjorden og Førdefjorden.

I Gállok ved Jokkmokk var i 2013 den første aksjonen mot gruver i Sverige. Filmen av politiet som gikk til aksjon for gruveselskapet og brutalt reiv ned tårn med demonstrantar gikk langt ut over verda. I Noreg engasjerte dette så mye at Naturvernforbundet for første gong vedtok full støtte til ein aksjon med sivil ulydnad. Sidan har saka gått fram og tilbake, heilt til Sverige fikk ei sosialdemokratisk mindretalsregjering som ikkje trong å ta omsyn til andre, med ein minister som erklærte at han og sosialdemokratane "älskar gruvor". Alt tyder derfor på at godkjenninga til Beowulf Mining si jerngruve er rett om hjørnet og samar og miljøvernarar førebur seg på det største miljøslaget i svensk historie.

På Engebøfjellet ved Førdefjorden lenka Natur og Ungdom seg i 2016 til anleggsmaskinar for å stoppe boring for gruvedrifta som vil fjerne heile fjellet og fylle avgangen i fjorden. Den endelige driftskonsesjonen er venta kva dag som helst, og Nordic Mining har varsla anleggsstart i februar.
Ved Repparfjorden stoppa aksjonistar sommaren 2020 forsøk på oppstart av anleggsarbeid og arbeidet blei sett på vent mens Statsforvalteren behandlar klagen på at oppstarten var ulovlig. I løpet av februar kan klarsignalet komme til å grave vidare og aksjonane vil da starte opp igjen.

Striden om alle tre gruveprosjekta har klare internasjonale element. Gállok og Repparfjorden er inngrep i samiske reinbeiteområde, som i likheit med Fosen vindkraftverk kan vere i strid med internasjonale konvensjonar. Førdefjorden og Repparfjorden er innklaga til ESA for brot på EU sitt vassdirektiv.

Sakene i massemedia er bare toppen av isfjellet

Desse tre sakene utgjør i dag toppen av isfjellet. Under overflata og mindre synlig for massemedia lurar i Sverige Rönnbäcken‚ Unden, Norra Kärr, Laver og ei rekke andre. På grensa i Trøndelag/Jämtland er planen om fellesdrift Jåma/Stekenjokk, i Noreg ventar gruveplanar i Nasafjell, Bindal, Sydvaranger, Biedjovággi, Kvænangen og mange stader som dei fleste av oss aldri har hørt om.

Svein

Om skribenten

Svein Lund er faglitterær forfattar busett i Guovdageaidnu. Han har bl. a. skrive bokserien "Gull, gråstein og grums" (http://gruve.info) og rapport om vindkraft og reindrift. No arbeider han med bok om Nussir-gruva. Han er medlem av gruveutvalet i Naturvernforbundet.

GravemaskinSommeren 2021 gjorde Nussir ASA tre ganger forsøk på å starte anleggsarbeid på Markoppneset, men deltakarane på aksjonsleiren heldt vakt ved gravemaskinane og lenka seg fast når det såg ut til dei ville starte opp igjen. | Svein Lund

Som vindkraftindustrien er gruveindustrien i ferd med å ta steget frå land til sjø. Gruvedrift på dei store havdjup skal byggast ut etter prinsippet for offentlig-privat samarbeid: Staten betaler, dei private tar profitten med seg til skatteparadisa.

Norsk Bergindustris propaganda

I rundt tusen år har det vore gruvedrift i Noreg. Denne har sett spor som vi enno kan sjå i terrenget. Gruver og smeltehytter nedlagt for over hundre år sidan er framleis opphav til forureining. Likevel har gruvedrifta i all hovudsak vore sett på som eit gode – eller som eit nødvendig vonde. Det har ikkje vore vanlig å spørje: Ønsker vi desse gruvene? Treng vi desse minerala? Det har derfor heller ikkje vore nødvendig med noko kampanje FOR gruvedrift. Denne situasjonen byrja å endre seg for vel eit tiår sidan.

Både motstanden mot nye gruveplanar og kritikken av eksisterande gruver har i all hovudsak gått på visse sider ved gruveselskapa sin praksis, og krava har vore endra driftsmetodar: nei til sjødumping, krav om underjordsdrift, nei til utslepp av visse stoff osv. Svaret frå gruveselskapa og organisasjonane deira har vore: Vi treng gruver fordi vi treng minerala. Med den underforståtte bodskapen at derfor må gruveselskapa få godkjent søknadane til å drive som dei vil. Fremst i denne kampanjen har Norsk Bergindustri stått. Med filmar og anna materiale har dei vist oss kor avhengige vi alle er av mineral. Gruveselskapa står for vårt felles beste, mens naturvernarane er "gruvemotstandarar" som står for egoistiske særinteresser og hindrar utviklinga av samfunnet.

Her er eit eksempel på propagandaen deira:

"Tenk deg en vanlig dag – du står opp i et hus proppfullt av sement, pukk og grus, kanskje murstein og naturstein. Du skrur på lyset (kobber, kvarts), går på do (kaolin), dusjer (feltspat, sink), lager en kopp kaffe (feltspat). Kjører du til jobb (kobber, grafitt, bauxitt) og skrur på pc'n (kobber, tantalitt) trenger du enda flere. Slik fortsetter man gjennom dagen. Mineralske råstoffer som må utvinnes, foredles og prosesseres. Medlemmene i Norsk Bergindustri sørger for at vår moderne verden kan fungere og utvikle seg, og at vi som enkeltmennesker kan fortsette å leve slik vi vil."

Norsk Bergindustri er ein interesseorganisasjon. Den skal arbeide for at medlemsbedriftene får dei løyvene dei treng for å kunne ta ut desse minerala på ein så lønsam måte som mogleg, utan for mye krav om omsyn til natur og andre næringar. Dei støttar ikkje bare utvinning av det vi treng i det daglige, men også av mineral for luksus og spekulasjon, som gull og diamantar. Dei stør seg på tesen at er det etterspurnad er det behov, og har f.eks. engasjert seg til fordel for utanlandske selskap som vil drive gullgruve i reinbeitedistrikt i Noreg.

Når konkrete gruveplanar møter motstand, gjeld det for gruveselskapa å framstille denne motstanden som uttrykk for mangel på forståing og kunnskap. Da kallar dei motstandarane generelt for "gruvemotstandarar", som er mot utvinning av mineral fordi dei ikkje forstår betydninga av desse.

JomaresterI 2014, 16 år etter nedlegginga av gruva i Røyrvik, lå fortsatt mye gammelt gruvemaskineri og rusta utafor driftsbygningene. | Svein Lund

Produksjon av 99,8 % avfall

La oss no ta dei på ordet og spørje: Treng vi mineral? Sjølvsagt gjør vi det. Men så må vi stille eit anna spørsmål: Treng vi uttak av nye mineral i det omfanget og tempoet som regjeringa, gruvespekulantane og Norsk Bergindustri ønsker? På dette vil eg svare eit like klart nei.

Mineral er ikkje-fornybare ressursar. Der vi har hausta dei, gror dei ikkje opp igjen. Malmar og andre mineral finst overalt, men det er konsentrasjonane som gjør det mogleg å drive dei ut på ein måte som gir meir igjen enn dei ressursane vi set inn på å ta dei ut. I gamle dagar kunne ein mange stadar på jorda finne reint koppar og andre stadar rik kopparmalm med eit kopparinnhald på kanskje 10 %. I dag ligg gjennomsnittet for igangverande koppargruver på omlag 0,6 % og for nye gruver er 0,2 % ganske vanlig. Eit enkelt reknestykke tilseier at det siste betyr 99,8 % produksjon av avfall.

Noreg har ein mineralstrategi frå 2013 som har som hovudmål å gjøre landet attraktivt for utanlandske spekulantar som vil ta ut nye mineral. Regjeringa har no varsla ein ny strategi, ettersom den førre ikkje førte til målet. Er det noko von om at dei vil tenke lenger denne gongen? Eg er redd den nye næringsministeren vil vere på linje med dei tidligare og med hans svenske kollega som elskar gruver.

Det finst knapt eit mineral som ikkje kan grønfargast.

Det grøne skiftet som gruveindustrien sin joker

Kva er så alternativet? At målsettinga skal vere oppfylling av reelle behov, ikkje størst mogleg utvinning. Her vil eg igjen gå over Kjølen. Der har Naturskuddsföreningen laga eit "mineralhierarki", bygd på fire hovudtrinn: 1. Redusere behovet. 2. Gjenbruk. 3. Gjenvinning. 4. Utvinning, som må vere forsvarlig. Heile hierarkiet i norsk oversetting kan lesast her.

Eg har ikkje sett dei utkasta til mineralstrategi som sikkert allereie sirkulerer i indre krinsar rundt regjeringa. Men eg kan garantere at ei sak kjem til å stå sentralt, som ikkje var med i den førre strategien: "Det grøne skiftet". Frå 2016 har dette blitt hovudargumentet for meir mineralutvinning, og i den felles nordnorske mineralstrategien av 2019 er det heilt dominerande. Når alle verdas bilar skal bli elektriske, når alle skip skal gå på hydrogen og alle kolkraftverk skal erstattast av sol og vind, vil det krevje ei mangedobla utvinning av koppar, nikkel, neodym, grafitt, litium, kobolt osv. osv., i den grad dette i det heile er mogleg. All denne utvinninga vil dermed pr. definisjon bli grøn, og det same gjeld andre mineral som trengs til dette, som jern, kalkstein, titan, sølv og aluminium. Det finst knapt eit mineral som ikkje kan grønfargast. Dei tilgjengelige ressursane på land vil ikkje strekke til, og verdshava står derfor for tur. No har også gruvedrift på havbotnen blitt grøn. Når gruveindustrien blir kritisert for forureining og stygge arealinngrep skal dette vere jokeren som trumfar alt – miljørørsla kan da ikkje gå mot nødvendige tiltak for å gjennomføre det grøne skiftet!

Dette blir innhaldet i den nye norske mineralstrategien.

Røyrvik: Mineraldirektoratet stoppar meir sirkulær mineralnæring

Midt i dette, men utan dei store mediaoppslaga, er ei nygamal gruvesak til behandling. I Røyrvik i Trøndelag blei ei koppar- og sinkgruve drive 1972-98. 11 mill. tonn avgang blei fyllt i næraste vatn, som dermed blei øydelagt som fiskevatn. For nokre år sidan tok lokale krefter initiativ til å ta opp igjen desse massane og reinske dei, da dei framleis inneheld mye verdfulle mineral. Mineraldirektoratet sa nei. Dei vil ikkje utnytte dei kjeldene som allereie var tatt ut, men i staden ta ut ny malm av fjellet, til dels i ope dagbrot til stor skade for natur og reindrift. Samtidig skal malm frå svensk side førast hit i lastebilar på vegar som må opprustast kraftig om dette skal bli gjennomført. Det vil trulig bli ei ny utgåve av det offentlig-private samarbeidet: Staten betalar og dei utanlandske eigarane profitterer. Gamal forureining blir liggande, mens ny blir tilført. Men no skal gruva produsere for det grøne skiftet, og dermed blir det gitt konsesjon. "Det grøne skiftet" er den største forretningsideen for mineralnæringa. Det går langt ut over jordas bæreevne og har i prinsippet ingen grenser. Kor grøn blir jorda når vi har gravd opp alt av utvinnbare råstoff og gjort 99 % av det om til avfall?