Eg syklar og det har eg gjort lenge. Sykkelen er mitt fremste transportmiddel i kvardagen. Sykkelen er avgjerande i min kvardag. Faktisk så avgjerande at når eg og min mann skulle leite etter hus her i Bergen, så tok vi ein passer, og teikna ein sirkel med sykkelavstand til og frå jobbane våre. I det området kor begge hadde sykkelavstand, kjøpte vi hus. 10 år seinare og totalt seks personar i familien, er resultatet at vi framleis syklar til og frå jobb.
Om skribenten
Marthe Hammer er førstekandidat for Vestland SV, kvardagssyklist og sykkelfeminist.
Eg har alltid lurt på kvifor ikkje fleire skjøner kor fantastisk det er å sykle? I 2013 var berre 1 av 3 syklistar i Oslo kvinner. Den typiske syklisten var «en mann, 35 pluss, godt trent, og kjører mountainbike eller racersykkel», ifølge Oslo kommune sin eigen undersøking. No er ny reisevaneundersøkelse rett om hjørnet og vi veit at sykkeltala aukar. Men har vi fått fleire kvinner på sykkelen?
Valgkampens beste grønne forslag
Pan leter etter valgkampens beste forslag for natur, miljø og klima. Har du tips? Skriv til tidsskriftetpan@gmail.com.
Du finner resten av serien her:
Kvinner er den beste indikatoren på ein god sykkelby.
Det å sjå samferdslepolitikken i eit kjønnsperspektiv er ikkje noko nytt. Vi veit at langt fleire kvinner (83 %) enn menn ikkje har førarkort. «Kvinner kjører mindre enn menn, og de har kortere reisevei til arbeidet. Dette er dokumentert gjennom forskning i flere land, i lengre tid, også i Norge», ifølge transportforskarane Randi Hjorthol og Liva Vågane ved TØI. Forskarane finn også at når vi kvinner får barn så endrar vi våre reisevaner. Kvifor? Fordi kvinner framleis har hovudansvaret for barn og familielogistikk og innretter seg deretter, med kortare veg til jobben, fordi dei skal innom barnehagen og butikken. Transportforskarane seier det så tydeleg at det å bu i by, med kort veg til jobb, barnehage og butikk, gjer det enklare å jobbe fulltid for kvinner.
Det vi treng er trygge sykkelvegar heile vegen frå heimen, via barnehagen og butikken, og til jobb. Da må vi erstatte milliardane til motorvegar med milliardar til trygge sykkelvegar i heile Norge.
Kvinner er den beste indikatoren på ein god sykkelby. Det skriv Jan Garrard, førsteamanuensis ved Deakin University i Melbourne, Australia, og forfatter av fleire studiar om sykling og kjønnsforskjellar. Jo høgare del kvinner, jo betre forhold for syklistar, og det er to grunnar for det.
Det eine er den kvinnelege kvardagssyklingen, som allerede er nemdt, slik som meg sjølv. Firebarnsmamma på sykkel. Viss kvinna skal sykle, må det passe inn i det daglege reisemønsteret. Da er det viktigare for kvinnene at barnehage, skule og butikk er i nærleiken, enn det er for menn. Og det er viktigare at det å sykle inneberer minimalt med ekstra tid til dusj og klesskift. Det andre er risiko. Når det å sykle vert oppfatta som farleg, så forsvinner kvinnene. Mange tverrfaglege undersøkingar viser nemleg at kvinner er meir uvillig til å ta risiko. Kvinner velje heller dei lengre tilrettelagte rutene, enn dei korte og risikofylte rutene. Og oppfattast det for farleg å sykle, for lite tilrettelagt, så parkerer kvinnene sykkelen.
Kunnskapen om den kvinnelege syklisten er det vi treng for å gjere byane våre til sykkelbyar. For det første må vi reduserer transportbehovet i det daglege. Vi treng levande små lokalmiljø med butikk, skule og barnehage i sykkel- og gangavstand, og sykkelavstand til jobb. Dette krev beinhard arealforvaltning, der ein som lokalpolitikar må tørre å styre bygginga av både bustadhus og arbeidsplassar. Og det andre er at vi må gjere det trygt å sykle. Da må vi prioritere sykkel og sykkelvegar så mykje at det faktisk fører til resultat. For det hjelper ikkje med ein sykkelveg som ender i eit busstopp, og der syklistar vert tvunge ut i 3-felts bilveg. Der syklistar må vere innimellom all anna trafikk, både bilar i kø og gåande. Det vi treng er trygge sykkelvegar heile vegen frå heimen, via barnehagen og butikken, og til jobb. Da må vi erstatte milliardane til motorvegar med milliardar til trygge sykkelvegar i heile Norge.
Her på Vestlandet har vi milde vintrar og knapt snø, og med inntoget av el-syklar har ein kupert by som Bergen faktisk alle føresetnadane til å verte ein av landets beste sykkelbyar. Men da må noko skje, også på sykkelsetet. Vi veit at i 2018 lar langt fleire bilen stå, og tek kollektivt, men framleis set dei seg ikkje på sykkelen.
Eg syklar i treningsklær og eg er slik sett lik den jamne syklist her i Noreg. For i Noreg er trening ein av hovudmotivasjonane for å sykle. I Danmark, derimot svarar den gjengse syklist med at han og ho syklar fordi det er mest effektivt. Kanskje er bysyklane det næraste vi kjem sykkelfeminismen her i landet. Eg har aldri sett ein kjønnstatistikk på dei, men mitt tips er at kjønnsfordelinga er mykje betre her, enn på det vanlege sykkelsetet. Kvifor? Fordi bysyklane vert opplevd som det mest effektive, billige og trygge transportmiddelet for små og korte turar innad i byen. På bysyklane ser eg kvinner sykle i skjørt og menn sykle i dress. Det er vakkert. Det vil eg ha meir av.
Men eg vil ha enda meir av politikarar som strategisk og bevisst jobbar fram sykkelen som ein hovudreisemåte for moderne familieliv i byar og tettstadar, der vi planmessig legg til rette for at familielivet kan gå rundt på to hjul. Eg ønskjer meg byar der barna våre syklar til fritidsaktivitetar, der ulike syklar pregar bybildet alt ettersom kva ein skal frakte med seg. Eg ønskjer sykkelbyar der det å sykle ikkje først og fremst vert forbunde med risikosport og trening til Bergen-Voss, men med moderne, miljøvennlege bysamfunn, der sykkel er den fremste måten å komme seg til og frå heim, til barnehagen, jobb og butikken.
Eg har sykla heile livet, men noko er i ferd med å skje. Eg håper at dette kommunevalet vert sykkelens kommuneval. For miljøet, for klima, for familielogistikken og for sykkelfeminismen. For har du ein by som er bra å sykle i for kvinner, så er den bra å sykle i for alle. Eg tenkjer denne valkampens beste grøne forslag er å gjere som Jan Garrard seier, bruk kvinnen som indikator på ein god sykkelby.