«Kva er viktigast, natur eller klima?» At eit sånt spørsmål i det heile tatt kan stillast, gir meg lyst til å riva av meg håret. Korleis har miljødebatten hamna her? Korleis kan kampen for miljøet, for dyra, plantane, villmarkene, oss menneske, ha gått i ei retning der altfor mange snur ryggen til naturen, fordi dei trur det må til for å redda klimaet?
Det ultimate paradoks
Det er det ultimate paradoks. Naturvern blir av enkelte framstilt som ein barriere for å redda… naturen. For til sjuande og sist er det jo nettopp dét kampen mot global oppvarming handlar om – å redda økosystema frå kollaps som følgje av alt for høg og rask temperaturstigning. Naturen, vår viktigaste allierte både for å bremsa global oppvarming, og for å verna oss mot ekstremvêr, blir av for mange sett på som eit naudsynt offer på klimaets alter. Biosfæren blir sett opp mot sin eigen atmosfære som om dei er konkurrentar, og ikkje ulike komponentar i eit nøye samanvevd system. Eit system så komplekst at me menneske, trass i kor avanserte me trur me er, ikkje er i stand til å forstå det fullt ut.
Eg forstår at det kan vera frustrerande for folk som har kjempa i tiår for fornybar energi at det no bryggar opp til ei folkerørsle mot vindkraft. Men gjett kva, det er litt for enkelt å avskriva oss som er kritiske til naturøydeleggande vindkraft som ein gjeng egoistiske, ekstreme og klimafornektande bygdetullingar. Ja, dessverre finst det ekstreme enkeltpersonar blant vindkraftmotstandarane. Trugsmål om vald og personangrep kan aldri forsvarast, uansett kor rasande, fortvila og desperat ein er. Det som heller ikkje kan forsvarast, er å døma oss alle ut frå framferda til nokre få.
Om skribenten
Synnøve Kvamme jobbar som fylkessekretær i Naturvernforbundet Hordaland. Ho har mastergrad i statsvitskap frå UiB, var aktiv i aksjonen mot "monstermastene" i Hardanger og er styremedlem i Motvind Noreg. Ho har skrive kronikken som privatperson.
Heilskap, ikkje silotankegang
Eg har ei bøn til alle som er overtydde om at vindkraftutbygginga som føregår er riktig og naudsynt for klimaet: ta motargumenta på alvor. Les konklusjonane frå FN sitt naturpanel, set deg inn i naturen sine funksjonar som karbonlager, flaumdempar og klimastabilisator. Sjå på statistikken over kor mykje natur me har øydelagt i Noreg dei siste 120 åra og kva konsekvensar det har for artsmangfaldet.
Manglande heilskapsperspektiv er rota til at me pressar planeten sine tolegrenser til stadig nye ytterpunkt. Biologane fekk ikkje vera med då ingeniørane planlagde stadig større olje-, kol- og gassproduksjon. Ei heller då plasten vart oppfunnen og lansert i stor skala som verdas mirakelprodukt. No ser me konsekvensane av denne silo-tankegangen. Lat oss ikkje gå i den same fella i miljørørsla!
Me må vekk frå debatten om kva miljøproblem som er viktigast. Me må slutta å spela natur og klima opp mot kvarandre. Akkurat slik som me har lært å sjå på helsa vår i eit heilskapleg perspektiv, der alle vitale organ er like viktige, må me læra oss å sjå på kloden på same måte. Kor paradoksalt hadde det ikkje vore om legen din ba deg velja mellom hjartet eller lungene dine? Like absurd må det oppkonstruerte valet mellom om natur og klima bli.
Me må vekk frå debatten om kva miljøproblem som er viktigast.
Å øydelegge natur utan sluttdato er ekstremt
Naturen er ikkje berre greina me sit på. Den er heile treet; stamma og røtene. Respekten for det som har eksistert fleire milliardar år lenger enn oss må få ein større plass i vårt medvit og samfunn. Det bør ikkje lenger vera ekstremt å meina at tida for å øydelegga økosystem er forbi. Det bør vera meir ekstremt å meina at me skal halda fram å øydelegga natur utan sluttdato.
Fornybar energi må ikkje bli naturen sin fiende. To tredjedelar av dei største vassdraga i landet vårt ligg allereie i røyr, og no vil ein omsynslaus og grådig vindkraftbransje sprenga seg fram i vår urgamle fjellheim og kystnatur – under klimaet si fane. Dei som heiar på det som no skjer, har misforstått noko grunnleggande: For det første at det å øydelegga naturen er ein klimastrategi som ikkje vil fungera. Ikkje for å bremsa global oppvarming, og ikkje for å stoppa den pågåande masseutryddinga av våre med-artar. Myrar, våtmarker, skogar og fjell lagrar enorme mengder CO2 som vert frigitt til atmosfæren når dei vert øydelagte. I tillegg lagrar myrane, våtmarkene og trea vatn som elles vil auka flaumtoppane me kan venta oss fleire av på grunn av global oppvarming. Røtene til skogane held jorda på plass og reduserer faren for ras. Skogane dempar vind og vernar oss mot dei verste stormane. Ikkje minst er naturen heim. For fuglar, dyr og plantar som stadig oftare må forsøka å finna nye heimar på krympande område - eller døy i forsøket. Kvar femte art i Noreg er truga av utrydding, og våre stadig fleire inngrep i naturen er 90% av grunnen.
Naturen som ein umisteleg heim
For det andre er det framleis veldig mange nordmenn som har naturen som ein umisteleg del av sin «heim». Det som på kartet til vindkraftutbyggaren er eit eigna anleggsområde med «gode vindressursar» og få menneske, er nokon sine heimefjell. I eit kaotisk samfunn i rask endring er me mange som søker tilflukt i dei gamle fjell i syningom. Her, i det me har trudd var ei uforanderleg klippe i livet, hentar me ro, sjelefred, energi og påfyll. Fjella og kysten er vår Oslomark, vårt anker – gamal som tida. No er sjølv dette, dei evige, tilsynelatande uovervinnelege fjellmassiva truga. Av menneske si grådigheit. For det er nemleg dét det kokar ned til.
Vindkraftbransjen seglar under falsk flagg. Dette handlar ikkje eigentleg om klima. Eg har vanskeleg for å tru at nokon som har sett øydeleggingane turbinane på opp mot 250 meter krev, framleis kan tenka at dette er miljøvenleg. Klima er eit nobelt argument som dessverre vert misbrukt til å trumfa gjennom dei mest ufattelege naturøydeleggingar. Vindkraft er berre lønsamt fordi naturen sin verdi er sett til den nette sum av 0 kr. Det går ikkje an å setja ein kroneverdi på naturen, like lite som det går an å setja ein kroneverdi på menneske du er glad i. Naturen er uerstatteleg, umisteleg – og me har forsynt oss meir enn grådig nok.
Mitt sterkaste ynskje og håp er at ei samla miljørørsle kan anerkjenna at naturen er vår viktigaste allierte, også i klimakampen. Eg håpar me kan slå ring om den, verna om den og ikkje lata oss lura utpå av kreftene som vil omsetja økosystem til kroner. Lat oss i staden krevja at det enorme potensialet me har i energisparing og effektivisering vert realisert, og at gamle vasskraftverk vert modernisert. I tillegg har me så mange dyktige, oppfinnsame folk i samfunnet vårt som burde ta det som ei spennande utfordring å finna betre og nye energiløysingar som ikkje krev naturøydelegging. Me har nok av nedbygd areal å ta av – men mindre og mindre natur.
Eg tek ikkje ansvar for å finna alle svara – men eg veit med kvar celle i kroppen min at å rasera naturen ikkje er svaret.